07 september 2010

Det er utruleg kva ein har

Som dei merksemme lesarane har merkt seg så har leiligheitshaldet blitt til rekkehushald i sumar. Det er ein kjent sak at det å flytte fører med seg to diametralt ulike fenomen: ein finn ingenting og ein finn det merkelegaste. Denne posten skal handle om det siste, sjølv om mykje kunne vore skrive om dei tinga vi pakka sist for å finne dei først og som no er som sunke i jorda.

Men altså, ein finn det merkelegaste.

Eller, eigentleg visste eg om det merkelegaste, for eg fann den sovjetiske stridsvognhjelmen til Jokke då eg rydda i boden eit par år sidan.

Men, det er utruleg kva ein har, og hos oss er det utruleg kor mange ulike typar kosttilskudd som dukkar opp om ein skulle vere så vågal å åpne ei øskje ein ikkje drar kjensel på. Ein skulle tru vi har handla inn kosttilskudd i eit fåfengt håp om at berre ein et nok piller så slepp ein å lage mat, høyr berre her:

For å få fram kor ille det er har eg skrive opp dubleringar to gonger

  • jønn
  • B-kompleks
  • Selen
  • GPH Gurkemeie (eg veit, eg trudde også det var eit krydder)
  • Bio-Biloba
  • IDO-E e-vitamin
  • B-kompleks
  • Bio-Chrom
  • antioksydant
  • Sink Asporotate (med gresskarkjerner!)(Hui!)
  • Multi
  • Suplex B (B-vitamin, kjerringrokk/silica og sink)

og sist, men ikkje minst:

  • Silica, med kisel frå kjerringrokk.

Kjerringrokk faktisk, drittplanta som eg har røska og rive i for å den ut av blomsterbedet mitt, og så finn eg ho faen meg att i kjøkkenskapet mitt! Nei, frå no av er det hårda bud i Solvegen, altså: her skal ikkje noko ny pillemat inn i rekkehuset før det er tomt frå før!

Vidare kan det sjå ut som om vi skal bake mykje med natron i framtida. Får eg by på ei svele?

1 kommentar:

Unknown sa...

Hva med et lite bilde av Propellen med stridsvognhjelmen på??? :-D

For øvrig, da vi flyttet fant jeg følgende ting jeg hadde glemt at jeg eide:

* Gassmaske, tysk, fra 1939
* Tibetansk "rundebomme"/bønnehjul
* 50 ketorax 5 mg (narkotisk smertestillende)
* Sparebøsse innholdene 700 tiører...
* Sovjetisk flagg, kjøpt i Leningrad i 1985
* En bunke russekort fra årene 1979 - 85
* Tjenestebok for fremmedlegionen (heldigvis ikke min, men min fars)
* Brevgiroer, sist brukt i 1992...

Hva gir du meg? Noe av dette er morro å ha, men hvorfor i all verden kaster vi mennesker ikke ting sånn litt oftere?