24 mars 2010

Kredittkort?

Eg høyrde på radioen i dag tidleg at Kåre Willoch har foreslått eit forbod mot kredittkort, sidan det er så mange som ikkje maktar å handsame gjelda si. På P3 stilte reportaren spørsmålet: er det kredittkorta som har skulda?

Vel, sist eg sjekka så hadde ikkje nokre av kredittkorta mine eiga vilje, men det har derimot eg, og det er då mitt ansvar å bruke dei på ein vettug måte? Kan eg få reservere meg mot kuvøsa, takk?