16 oktober 2009

USA-turen min

Som nokre av dykk veit, så var eg i junaiten i haustferien, og det var verkeleg ei oppleving. Eg skulle i bryllaupet til Becky, ei venninne av meg frå Frankrike. Det var i dei dagane då eg satt på stranda i Normandie og pugga franske verb og var lukkeleg over å treffe ein til som snakka engelsk. Utruleg nok har vi klart å halde kontakten over alle desse åra, takka vere Ball of Dirt, WAYN og vanleg straumpost.

Torsdag 24. september, same dagen som favorittfetter Ola har bursdag (hurra for deg!) satte eg meg på flyet til Amsterdam og så Chicago. Eg kunne skrive mykje om reisa, det viktigaste er at eg er oppgitt over at eg måtte skrive inn alt det same på flyplassen som eg måtte på VISA Waiver-sidene og at eg traff Manan på flyet og det var veldig triveleg. Jau, og dei slapp meg inn.

Chicago var ein fantastisk by, heilt der oppe med Wien vil eg seie. Ein kan og bør seie mykje fint om Paris, men den er no full av parisarar og hundedrit. I Chicago har dei klart å få til denne elegante grandeuren, samstundes med at han er like full av blide amerikanarar som han er tom for hundedrit, og det er siviliserande trekk, synest eg. Eg skulle berre vere ei natt i den vindfulle byen, men eg fekk med meg Harry Potter-utstillinga på Museum of Science and Industry, og ein joggetur på Lake Shore Drive før eg dro attende til O'Hare for å treffe Thomas, Olivier og Cristelle og køyre opp til Appleton.

Fredag kveld kom eg til tanta og onkelen til Becky, som gjestfritt nok og typisk amerikansk åpna heimen sin for meg. Dette er Joyce på verandaen foran huset: Laurdag var det bryllaup, og med det bryllaupsmesse, vigselen er jo eit sakrament i den katolske kjerka. Litt merkeleg med nattverd midt oppi det heile, synest eg, men eg slapp no det då.
Festen var artig, men veldiug uformell samanlikna med kva eg har opplevd her heime. No renn ikkje eg i bryllaup i eininga, men her var det korte talar og masse gauling - brudeparet måtte nemleg kysse kvar gong nokon sang ein sang eller sa "love". Eg hadde bunad, og holdt på å daue av varme, litt fordi eg etter å ha truffe 83 mann og fortalt kven eg var og kor eg kom frå flykta ut på dansegolvet som forøvrig var fullt av dei 9 andre europearane..!Søndagen dro eg på tur saman med MTBDarby som eg har blitt kjent med på Team Estrogen-forumet, og vi gjekk tur i High Cliff State Park. Kjempefin tur, og utruleg artig å treffe folk ein berre kjenner frå veven!Becky hadde vore uheldig i Chicago veka før bryllaupet og fått arbeidsvisumet sitt stole, så ho satt fast i USA inntil ho fekk passet sitt attende frå Paris. Utruleg stressande for ho, særleg fordi ho frykta for jobben sin, men sidan ho skulle vere att i USA blei eg invitert med ho og familien til La Crosse og Onalaska. Eg hadde ikkje venta å få sett så mykje til Becky, men no fekk eg fire flotte dagar med ho. Første kvelden, mandagen etter bryllaupet dro vi til Round Lake i Menomenee-reservatet, der både Joyce og Larry og foreldra til Becky, Nancy og Joe har hytte. Der lå vi over, før vi sendte foreldra til Alex og Alex attende til Chicago og O'Hare. Vi dro vidare via Steven's Point til La Crosse. Og i Steven's Point stoppa vi på familien sin hageflekk og plukka vatnmelon, gresskar, solsikker og gulrøtter. Utruleg, altså, så ikkje for meg vatnmellomplukking i Wisconsin då eg gjekk på flyet på Schiphol!
I Onalaska/La Crosse venta nokre fine dagar med shopping, sightseeing og jenteprat, og eg fekk endeleg eit bilete av meg sjølv ved Mississippi.Og som dei perfekte vertane dei var fekk eg tatt nokre bilete frå La Crosse frå Grandad's Bluff. Åsane de ser i bakgrunnen er Minnesota! Eg kjøpte meg Packers-pysj der borte, og det einaste som ikkje gjekk så bra var at dei tapte mot Minnesota Vikings forrige måndag. Ikkje bra. Eg skal forresten skrive nokre ord om den siste dagen i Chicago i eit anna innlegg. Eg var med på ein Architecture Boat Trip, og det var kjempeartig, bileta eg tok der treng eit eiga innlegg!

Ingen kommentarer: