01 april 2008

Vårsykkelturar

Vårsykkelturar er eigentleg noko drit. Det er kaldt, det er ofte blautt, ein må ha på seg alle kleda sine samstundes, og som oftast for ein vondt i ræva av det. Det er liksom ikkje så kult å sjå føtene men ikkje kjenne dei, og på eit punkt blir det vanskeleg å bøye seg med alle dei kleda.

Men så er det heilt utruleg digg også - eg gler meg til alle dei turane som kjem mellom meg og hausten, og når ein på toppen av det heile merkar at det går ganske lett, då er det herleg å vere sykkelnovise!

Og så kjenner eg at eg har vunne treninga denne veka, i går regna det og i morra skal det til og med kanskje snø! Men eg fekk med meg dagen i dag, og den var fin! Og kald.

Ingen kommentarer: