Det er med ei viss kjensle av hovmod at eg høyrde dette på radioen i dag tidleg: Å skrive både nynorsk og bokmål hever språkkompetansen!
For ei herleg lenkje å sende til alle dei som spør meg kvifor i all verda eg skriv nynorsk når jo har bokmål som hovudmål. Svaret er altså:
Fordi eg kan.
Viser innlegg med etiketten Språknerding. Vis alle innlegg

13 november 2012
09 mars 2012
Ein nynorsk kampsong
Eg har kvia meg litt for å kaste meg inn i debatten om nynorsk sidemål. Ikkje berre har eg eit litt ambivalent forhold til sidemålet sjølv, samstundes som eg er redd for at nynorsken skal døy dersom sidemålet blir vekke frå norsk skule. Vidare går eg gjerne i tog for å redde nynorsken, nynorskbrukarane sin rett til fagbøker på nynorsk og at offentlige dokument skal vere på båe målformer. Men det er så mange andre som hever røysta si og seier det eg også meiner, så eg har stått på sidelinja til no.
Men så:
Herleg, altså!
Eg kjenner det mest snører seg i bringa når eg tenkjer på at nynorsken kan døy. Etter å ha komme over austlandsfordomane mot språket, blei eg for alvor glad i nynorsken som sakprosaspråk. Dei fleste vil vere med på at nynorsk er eit godt poesispråk, og det kan ein vere samd i, men eg likar det aller best som sakprosaspråk. For å skrive godt nynorsk må ein skrive godt norsk, ein kan ikkje gøyme seg bak lange, kronglete setningar og anna bomull. Og for å skrive klart, må ein tenkje klart, ei klar utfordring.
Eg vil ikkje miste variasjonen det gjer meg å kunne bruke både bokmål og nynorsk. Eg brukar båe målformer, og dermed får eg eit enormt register å spele på. Eg er etnisk bokmåling, eg skriv opprinneleg konservativt bokmål, rett nok innafor det Bokmålsordboka tillét, eg er ikkje på Riksmålskøyret. Og takk for det, snakk om å sitje fast i fortida. Dialekta mi ligg ein stad mellom radikalt bokmål og bokmålsnær nynorsk. Tigern skriv om lag slik eg pratar, om det skulle seie dykk noko. Dermed brukar eg raddisbokmål når eg skal vere uformell, og bakstreverbokmål når eg skal vere formell. Eg skriv eit nynorsk som opprinneleg var nordnorsk, det var min måte å ta med meg språkrikdommen nordfra. No skriv eg nok ganske tett opptil den interne Samlagsnormen, altså ei ganske moderat utgåve. Eg synest det er heilt fantastisk å ha ein slik målrikdom!

09 august 2011
Litt lingvistikk
Som jeg spekulerte i da jeg skreiv om blomster, har jeg nå fått verifisert hypotesen min om at på rælingsk er en busk mindre enn ei buske, og at ei buske er det samme som det man i mange andre norske dialekter gjerne omtaler som "et tre".
Takk til informant Pappa.
02 desember 2010
Ordet mitt!
Ikke alle kan skryte av at de har sitt eget ord, men i går fikk jeg inn lurvelekkert på Språkrådets liste over avløserord.
Sjekk'a!

Riktignok kommer det opp et blogginnlegg fra 2004 når man søker på ordet, men som Språkrådsmannen sa - det har ligget i brakk for lenge, og dessuten må man sørge for å markedsføre ordet sitt. Pluss at jeg kom på det helt selv, det var ganske nærliggende da jeg så på bordet vårt på nært hold for å si det sånn.
21 april 2010
24 november 2009
Fordom
Eg kjenner at eg er i ferd med å utvikle ganske så sterke fordommar mot folk som går rundt og seier at dei ikkje skjønar nynorsk. Eg meiner, det er faktisk ikkje rakettforskning vi snakkar om, altså.
14 august 2009
Baffling!
Etter å ha testa ut litt nynorsk - åtgaum - på min eminente britiske kollega Sandra i dag, og fått henne til anta en lett gormless look, fant vi ut at åtgaum, som betyr oppmerksomhet, antagelig er beslekta med den yorkshirske (how the hell does one write Yorkshirean in Norwegian) gorm eller hvordan det nå skrives, og som betyr å glo litt uintelligent på noe.
I din't gorm this 'un comin'.
I din't gorm this 'un comin'.
24 juli 2009
Ein augneblink til som frankofil
Det er ikkje heilt likt meg å få fleire augneblink av frankofili i veka, men eg trur denne unntakstilstanden skyldes Tour de France, og denne augneblinken av frankofili er også denne gongen knytta til le cyclisme. Eg må nemlig få uttrykke mi glede over det franske ordet for tempo, altså ikkje som i fart, men som i sykkeløvinga. Berre sjå på dette:
Contre-la-montre.
Mot klokka. Så enkelt, så talande. Så uendeleg mykje betre enn det norske tempo, eg meiner, all sykling held jo eit visst tempo, og også betre enn det engelske time trial, sjølv om time trial er hakket betre. Individuell tempo heiter forresten contre-la-montre individuel, og lagtempo heiter contre-la-montre par équipes. Herleg.
Desse augneblinka av akutt frankofili kan tyde på at eg treng nokre månader i Frankrike igjen, om ikkje for anna så for å minne meg på kvifor eg er truande frankofob.

17 juli 2009
Ein augneblink som frankofil
Norsk treng eit ord som det franske cyclisme, eit herleg ord som skil transportmetode frå sport, og dei som syklar frå syklistar.
25 mars 2009
Bullshit-bingo
Eg har aldri vore så glad i pretensiøst språk, og som de visst har fått med dykk så er eg ikkje nådig mot lingvistiske påfuglar. Eg har etter litt filosofering, ein aktivitet eg til vanleg ikkje driv med, komme til at det er tre typar bullshit:
Den første er desse konstruerte tulleorda som av ein eller annan naturstridig grunn blir teke alvarleg, ord som framovermelding, komfortabelhetsona [sic!] og kaospilot. Den andre gruppa er ord som eigentleg har ei god tyding, men som blir gjenteke så mange gonger at dei ender opp med å bli heilt innhaldslause. I denne klassa høyrer dialog, utfordring, evaluering og kommunikasjon til. Det er litt synd, for dei er jo eigentleg skikkelege ord. Den tredje og siste klassa er desse anglisismane som blir brukt sjølv om det finst gode norske ord for det same. Dei døma som liksom spring ut foran meg er team og coaching. Eg meiner, det heiter lag og veiledning på norsk, fine, norske ord med fastsett morfologi og klart innhald. Men det er ingen som seier at "her i dette firmaet jobbar vi på lag"(ja, kva er alternativet, liksom - "her er det alle mot alle"?) eller "eg skal på kurs i veiledning"? Det er vel klart for dei fleste at ein brukar team for å referere til at ein jobbar saman som eit lag, det er jo ei referanse til idretten. Men om ein brukar lag om arbeidsgrupper, så høyrest det ganske teit ut, for ei arbeidsgruppe er jo ikkje eit lag. Men team er liksom greit å bruke då, det høyrest ikkje så dumt ut. Kan hende fordi vi slepp å tenkje på kva det tyder?
Eg klarar ikkje heilt å lande på kva for av desse gruppene som irreterer meg mest, men dei får meg i alle fall til å strekkje ut handa etter bullshit-bingobrettet og håpe på feite pengepremiar.

Abonner på:
Innlegg (Atom)