Viser innlegg med etiketten Ellen gjer vaksne ting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ellen gjer vaksne ting. Vis alle innlegg

06 mai 2013

Steinarbeider til flere tusen kroner

Etter at takstmannen i høst kommenterte at Pappas hobbymuring har gitt Blomstervegen steinarbeider til flere hundre tusen, var det naturlig å be Pappa om hjelp til å fikse inngangen. Den gamle inngangen begynte å få flere ulemper enn fordeler: vanndammer så en måtte gå på gresset for å ikke bli blaut oppetter leggene, torv som dekket nesten en tredel av hver helle, og dessuten var den ganske så skakk. Men så! 
Tre timer seinere så det slik ut. Vi skuffa vekk masse gras, jeg fikk nok en gang bekrefta at dette grasrot-uttrykket er helt meningsløst for de av oss som faktisk har sett ei grasrot, og nå er den altså rett fra trappa og ut. Nå var ikke det så plagsomt fra før, det var jo ikke mulig å se hvor hellene begynte og grasplenen slutta, men nå kan man altså det. Dessuten har vi fått helling fra trappa og ut i veien, og det lover godt for en ny klissblaut sommer.  

03 april 2013

Nytt Glis

Her i huset har det ikkje vore dei store eskapadane i påska, eg har stort sett vore heime. Heimepåske treng ikkje å vere keisamt. Jokke og eg, særleg eg, har nemleg kjøpt bil. Jokke er jo i Mazar-e Sharif, og har ikkje sett Gliset enda, det blir ganske spanande.

Her er Gliset i nokre få bilete. Først førarsetet:
Deretter det som er viktig, nemleg plassen baki:
Lua er teke med for å vise kor brei bagasjen er. Neida, lua er berre rot, eigentleg. Til sist eit bilete for å syne at eg køyrer ein svart bil:
Eller eigentleg er han mørkegrå, ein kan sjå det i solljos dersom ein går litt inn for det. Jau, og dei som bryr seg om slikt kan også sjå at det er ein Subaru. Eg brukar å late som om eg ikkje veit så mykje meir enn fargen på bilen eg køyrer, men sanninga er at eg mest kan fortelje dykk om sylindervolumet på denne her, altså. Ikkje heilt, rett nok. Men eg veit at det er 1660 liter bagasjeplass. Og fire sylindrar. Og boxermotor. Og ein del anna, men eg likar å halde på imaget som ho som køyrer ein svart bil. Som altså er grå, men de skjønar teikninga.

Jau, forresten, eg må jo også syne at det er god plass til handveska mi baki:
Ok, eg vedgår det: eg er rett stolt av Gliset, altså, og det er utruleg digg å køyre ny bil.

03 februar 2013

Ellen gjer vaksne ting, del VI

I dag har Ellen nemleg smørt skia sine sjølv. Og ikkje nok med det, ho har vore ei god venninne og smørt skia til Inger Merete også. Det er vel ganske vaksent, vel? Rett nok måtte eg inn på Skiforeningen sine sider for å finne smøremeldinga, OG eg måtte snøggprate med Smøresjefen (=husbonden) som for tida er utilgjengeleg. Deretter måtte eg snøggprate meir med Smøresjefen om kvar universalklisteret vårt er hen, og då fortalde han at Vidundermedelet Rode Multigrade er det same som universalklister.

Menneh, i alle fall så dro vi til Tærud, og eg fekk seinare skryt for å spele The Expectation Game to perfection. Eg var nemleg litt skeptisk, til føret (som eg trudde var hardt og litt snølaust), til smøringa (av årsakar som eg trur de har fatta no) og til mengda folk. Ikkje rart det blei ein kongetur: då vi hadde konkludert med at årgangslilla ikkje var greitt nok, og at universal/blå-blandinga mi var bra, var det berre å labbe oppover lia. Og det var supre forhold! Skia var perfekte, ikkje berre smøringa. Eg hadde nemleg dei nye skia mine, dei eg fekk av Jokke til jul, og der var supre: stålkantar er digg, og dei var ikkje så trå som eg frykta då mannen i butikken sa dei var litt vel mjuke for meg.

Så gjekk vi til toppen, valde ein spanande tur heim, og trur de ikkje vi nett rakk å ete vaffel på Ringdalskoia før vi dro ned til bilen. Snille som vi er hjalp vi Skedsmo skiklubb med to vaflar kvar, sidan dei hadde ein svær stabel att berre fem minutter før stengetid. Vi, altså!

Og vel heime fekk eg jammen selskap til middag også!

Diverre klarte eg ikkje å konsentrere meg om både å smøre ski og å ta med telefonen, så difor fekk eg ikkje fotodokumentert turen. Men Inger Merete kan vere vitne på at eg smørte skia hennar og at dei blei bra.

10 august 2010

Ellen gjer vaksne ting, del V

Eg har luka. Ja, de las heilt rett, eg har luka.

Og ikkje nok med det, eg har ikkje berre luka blomsterbedet, eg veit også namnet på den ekle bloma eg har røska opp med rota så godt eg har klart: reinfann. Stikk den, de, Ellen både lukar og veit kva ho lukar vekk!

Menneh, eg måtte få Mamma til å peike på kva eg skulle luke vekk først, altså.

19 februar 2010

Ellen gjer vaksne ting IV

I dag kan eg rapportere at det har vore ei rivande utvikling i serien Ellen gjer vaksne ting. I går var vi nemleg gjennom "være med på budrunde", og dette gjekk ikkje særleg snøgt, men til gjengjeld ganske spanande over i "kjøpe rekkehus".

Det har vore så mange vaksne ting i livet mitt dei siste vekene at eg har lurt på om det rette er å lage ein serie med "Ellen leikar seg gjennom livet", men eg får sjå det litt an. I dag spiste vi i alle fall sjokoladekake (Mamma si kake frå Hvaler-turen i haust - kjempegod altså) til middag, berre slik for å få litt balanse.

15 februar 2010

Ellen gjer vaksne ting III

I serien Ellen gjer vaksne ting, har vi no kome til "gå på visning". I går på fastelavn, kinesisk nyttår, valentinsdagen og morsdagen var Mamma, Pappa, Jokke og eg på visning på Kjeller og Jokke og eg kjente oss riktig vaksne. Kåken var løen, men det var interessant å sjå kva folk meiner ein kan krevje 2 mill for, altså.

11 februar 2010

Ellen gjer vaksne ting II

I dag har eg ringt til medlemsrådgjevaren til Norsk lektorlag og fått eit prisoverslag på forsikringar, det er slikt vaksne folk gjer.

09 januar 2010

Ellen gjer vaksne ting I

No har eg satt i gong ein ny serie, Ellen gjer vaksne ting, og i dag rima Jokke og eg av frysaren. Det er veldig vaksent og vi kjente at vi ikkje er vante med å gjere slikt. Eg må vedgå at eg fekk tipset på P3 på veg heim her om dagen, men det er jo verkeleg ganske praktisk å rime av frysaren no som det er så kaldt ute at maten berre kan stå på balkongen. Og vi fekk utruleg god plass i frysaren etterpå!