06 oktober 2010

Oppussingsprosjektet

Her er altså ein av stolane vi har fjerna målinga frå og voner å bruke som trekvite spisestuestolar. Stolane har ein gong vore lakka, så måla svarte og så måla ljost blå. Det kan sjå ut som om han framleis er ljost blå på dette biletet, men han er faktisk ikkje det. Eller altså, inni er han framleis både litt svart og litt blå, men han framstår som trekvit no.

Mamma og Pappa har hjelpt meg mykje, og eg hadde ikkje komme så langt utan dei. No er tre stolar klare anten til å bli klina inn med målingsfjernar (runde tre eller noko slikt) eller til å bli voksa direkte - eg har ikkje heilt slått fast om eg skal prøve målingsfjernaren ein gong til eller ikkje. Så er det berre å vokse dei, og å trekkje om setet og voilà! så har vi spisestuestolar!

Eg synest sjølv eg har vore utruleg flink.

Ingen kommentarer: