02 november 2009

Haust

Guy skriv på bloggen sin at det skal vere kaldt, mørkt og blautt denne veka, og eg kjenner at eg gler meg litt til det. I morgon skal eg ut og springe med Irene og det er jammen godt, for det er mykje betre å vere to når ein skal springe i mørkret. Og til helga skal eg vere heime, saman med gode bøker, litt raud vin og DVD-spelaren. Då kan regnet berre straume på!

1 kommentar:

Guy sa...

Jo det er faktisk noen fordeler med detta høstmørket. En fin anledning til innekvelder med rødvin, tv osv.
:-)