01 juni 2007

Nest siste skitur.


Så blei det enda ein skitur. Det er ikkje eigentleg skiføre, eller i alle fall ikkje samanhengande. Martin og eg måtte opp i går, sidan han skal til Junaiten i morgon, og gamle skiløparar slepp ikkje skiføret så lett. Heller ikkje når ein må gå ein halv kilometer ekstra for å finne nok sny til å gå på ski. Ikkje at det eigentleg gjer oss skiføre, det berre gjer oss litt mindre ikkje skiføre.


I kveld prøver vi igjen, satsar på å klare å få til ein tur for å sjå på midnattssola.

Ingen kommentarer: